Firmaet Henrik Nygård starta opp i desember 1959i leigd lokale hos Kristian Kandal, Florø. Det var ei gunstig tid å starte opp sia ventilasjonspåbod kom på dette tidspunktet. Våre første ventilasjonsanlegg var på Svelgen skule og Eikefjord skule 

Vi hadde arbeid over hele fylket med bla skuler, bankbygg, svømmehallar, kontorbygg, gamleheim og fabrikkanlegg. I og med at det ikkje var store blikkenslagerfirma på Nordvestlandet, hadde vi oppdrag i Kristiansund, Ålesund, Namsos, Bergen, Sandnessjøen og Svalbard. I 1978 var det 25 tilsett. Hjørdis Nygård var regnskapsansvarlig frå starten av.

I 1961 ble starta første byggetrinn avverkstadlokalet vårtpå Evja. Det er utvida fleire gonger etter kvart som aktiviteten auka. I 1989 ble firmaet aksjeselskap, H. Nygård as, med Henrik Nygård som fortsatt dagleg leiar. Dessverre døde han brått og uventa i februar 1990 og Hjørdis og Arvid Stavang dreiv firmaet vidare saman med søskena Jan Henrik og Heidi som begynte i firmaet om hausten.

 I 1994 ble selskapet endra til driftsselskapet H. Nygård as og Nygård Eiendom as som bla har 16 hyblar for utleige.

I 2010 skifta vi namnet til Norblikk as og er ei moderne bedrift som leverer og monterer ventilasjonsanlegg og utfører arbeid med tak og fasade. Vi har eigen verkstads produksjon med sal av både standard - og spesialprodukt i ulike metaller.

Bedrifta er også ei lærebedrift,  med god plass for ungdom som vil ta del i ei framtidsretta utdanning.

Vi er også alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, så vil du være med å utvikle oss vidare – ta kontakt.

Henrik Nygård og læremestereren hans, Alf Apnaseth (1989).

Henrik og Hjordis Nygård (1988).