Henrik Nygård starta firmaet med same namn i 1959. Det var ei gunstig tid å starte opp sidan ventilasjonspåbodet kom på dette tidspunktet. Dei første ventilasjonsanlegga vart bygde på Svelgen skule og Eikefjord skule.

Firmaet Henrik Nygård hadde oppdrag over heile fylket med blant anna skular, bankbygg, svømmehallar, kontorbygg, gamleheimar og fabrikkanlegg. I og med at det ikkje fantes store blikkenslagerfirma på Nordvestlandet, hadde vi oppdrag i Kristiansund, Ålesund, Namsos, Bergen, Sandessjøen og Svalbard.

I 1961 starta bygginga av lokalet på Evja og det vart utvida fleire gonger etter kvart som aktiviteten auka. Kona til Henrik, Hjørdis Nygård var rekneskapsansvarleg frå starten av og i 1978 hadde firmaet 25 tilsette.

I 1989 ble firmaet aksjeselskap og skifta namn til H. Nygård AS med Henrik Nygård som fortsatt dagleg leiar. Diverre døydde han brått og uventa i 1990 og Hjørdis og Arvid Stavang dreiv firmaet vidare saman med søskena Jan Henrik og Heidi som begynte i firmaet.

I 1994 blei selskapet endra til driftsselskapet H. Nygård AS og Nygård Eiendom AS som blant anna har 16 hyblar for utleige og hytteutleige på Askrova.

I 2010 skifta selskapet namn til Norblikk AS og er ei moderne bedrift som leverer og monterer ventilasjonsanlegg og utfører arbeid med tak og fasade. Vi har eigen verkstadsproduksjon med sal av både standard- og spesialprodukt i ulike metall.

Bedrifta er også ei lærebedrift,  med god plass for ungdom som vil ta del i ei framtidsretta utdanning.

Vi er også alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, så vil du være med på ferda vidare – ta kontakt.

Henrik Nygård og læremestereren hans, Alf Apnaseth (1989).

Henrik og Hjordis Nygård (1988).